NORGES ENESTE COMPEX® SENTER
VÅRE KURS

10 Studiepoen innen Ex

Ønsker du mer kompetanse innen Ex?

Fagskulen Vestland tilbyr et Ex studie som gir 10 studiepoeng - og ExTek skal i år også stå for undervisningen. Vi gleder oss til Oppstart :)

********************************************************************************************************************

Informasjon hentet fra www.fagskulen.no

Fagskulen Vestland tilbyr no ein utdanningsmodul innan «EX - elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege område» (10 Studiepoeng)

Som ein del av bransjeprogram og samarbeid mellom ExTek AS gjennomføras ein 10 studiepoengs samlingsbasert nettstøtta utdanningsmodul innan EX.

Studiestad: Nordnes og Stord

Studiepoeng: 10

For å utføra arbeid i tilknyting til elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege område er det viktig at utførande personell har nødvendig og relevant kompetanse. Utdanninga tar sikte på å dekka ei så stor breidde som mogleg innanfor faget Eksplosjonsbeskyttelse. Dette er eit fag som i hovudsak dreier seg om trygging slik at vi unngår ulykker der vi kan få skada på menneske dyr, eigedom eller miljø. Studiet dekker grunnleggande kunnskapar om kva som skal til for å få til ein eksplosjon, til korleis myndighetane regulerer dette og korleis store marknadsaktørar fungerer og dei geografiske virkeområda deira.

Dekkar bransjekrav

Du lærer prinsippa om korleis slike (Ex) område blir klassifiserte og om tryggingsnivåa som blir kravde innan dei forskjellige faregradene som finst. Du lærer om vegen frå EU direktiv, via nasjonale forskrifter, typestandardar for utstyr og kravet til vedlikehald knytt til slike anlegg.

Studiet dekker krava til opplæring som finst for å lovleg kunna arbeida med slike anlegg, og vil på grunn av breidda si dekke mange marknader der dette er påkravd. Det dekker spesifikke bransjekrav frå tilsynsmyndigheitar som PTIL, DSB, arbeidstilsynet og krav som kjem frå myndigheitsutnevnte godkjenningsorgan som PTB, DNV GL Presafe etc.

Studiet omhandlar i hovudsak elektro, men tar òg med krav for mekanisk sertifisering og samanstillingar av meir komplekse system, som tavler til store modulsystem. Nokre bransjar har eigne standardar som også har ein innverknad på korleis vi produserer utstyr til slike område (til dømes Norsok) og noko av kurset omhandlar dette.

Utdanninga passar for

Utdanninga passar spesielt godt for deg som ønsker å auka kompetansen innan Ex eller som ønsker ei heilskapleg utdanning innan Ex. Etter utdanninga har ein opparbeidd seg teoretisk kompetanse for å kunna utføra arbeid tilknytta elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege område.

Praktisk informasjon om utdanninga

Utdanninga er på 10 studiepoeng. Studiet er eit deltidsbasert nettstudie som blir gjennomført over eitt semester (6 mnd.)I tillegg til fysiske samlingar der det nettundervisning og eigenstudiar.

Studiet er modulært og er bygd opp omring EIN/IEC/ISO standardar med delprøvar og kursbevis innan kvart emne. Studiet blir avslutta med obligatorisk eksamen. Etter bestått eksamen blir det utlevert vitnemål for utdanninga.

Interessert?

Kontakt Utdanningsleiar Elektro – Nordnes Suman Mishra på e-post: suman.mishra@vlfk.no

eller fagskulenvestland@vlfk.no telefon 55337840

Påmelding:

https://www.fagskulen.no/studietilbod/Studietilboda-vare/kurs/bransjemodular---industrifagskulen/

ER DET NOE DU LURER PÅ?
TA KONTAKT!